Kladdeblokk

Kladdeblokk

Kladdeblokk

Kladdeblokk for tanker, ord og handlinger

GIFTARTANKA

Historier og sagn fra TrænaPosted by John Sandøy Wed, November 24, 2010 18:48:35

Ein gamalglunt uti øyan gjekk med giftartanka. Han hadde vore forlova ei god stund, så det var på ti'en at han gifta seg med jenta og vart ferdig med den tengen.

Men i gamaltida så mått dei gje presten betaling for vielsen, og glunten var osekker på om han hadde penga nok tel det her. Han var heldig og traff på ein nygift kjenning, og spurde han kva han mått' betal for å kom inn i ektestanden - kva presten forlanga? Den andre svara at presten forlanga ikkje nåkka, det var etter kva brurparet syntes han ha gjort dei tel hjelp.

"Du er vel ein tosk, gjorde du ikkje ein avtale med han? " spurde gamalglunten. "Nei, eg gav han berre ei krones pænge", svara kjenningen. "Gav du presten berre ei krona? Kva sa han då?" "Jau, han såg ei god stund på brura og så tok han opp pængpongen og så gav han meg 50 øre igjen."

(Cato Andersen, Træna.)