Kladdeblokk

Kladdeblokk

Kladdeblokk

Kladdeblokk for tanker, ord og handlinger

STORFLODAGEN

Sagn fra TrænaPosted by John Sandøy Tue, November 23, 2010 19:46:45


I 1901 gjekk det ei fæl flodbølga over kysten på Nordland. I den tida budde der folk på nesten all øyan og holman utover havet. Dei dreiv fesken' og ha et beboelseshus og eit sjyhus kvar nedi fjæra. Sjølve heimhusan var så små at dei kunne ha berre det mest nødvendige der. Resten mått dei ha i naustan. Foruten båt og bruk ha dei saltamaten der. Kjøtt etter slaktinga om hausten og mange feskstampa med rødsei og auer og sånt forskjellig. Og skinnan som dei spikra omkreng på veggan etter slaktinga, bar dei inn i naustet då dei var tørr og la dei i eit la til skinnhandleran kom.

Den dagen i 1901 då floa gjekk over Træna, forsvann ikkje lett utur manns minne. På Sanna sopa ho sjyhusan og det som i dei var lokst på havet. Især var det ein mann som vart ribba for absolutt alt, eller ribba tel skinnet.

Eit par år etter storflodagen traff han ein kjenning. Han var enno så oppi det då han sku fortell kor mykje han ha mesta, og la ut - to båta, feskbruket, eit svært la med skinn, sauskinn og kalveskinn, ja der var telmed spillernye skinnskinn som ikkje hadde vore på krettur før".

(Cato Andersen, Træna.)